Lydsporet me kan samlast om etter nok ein fordummande valkamp.
Jonas Sjøvaag, Andreas Ulvo og Sigurd Hole spelar i Eple Trio.
Foto: Eple Trio
Jazz
Eple Trio:
5
Andreas Ulvo, piano, Sigurd Hole, bass og Jonas Sjøvaag, trommer. SHIPWRECORDS SHPWRK017
Etter å ha lytta til den femte plata til Eple Trio nokre gonger, fann eg fram til den ti år gamle debuten deira, Made This. Lovorda dei hausta den gongen, var vel fortente. Det var (og er) ei musikalsk retning og kvalitetar ved denne plata som trioen har teke med seg og kultivert i dei seinare utgjevingane.
Likevel er det tydelegare på 5 enn på dei mellomliggjande tre platene at trioen står fram med meir pondus og tru på seg sjølv. Samstundes har uttrykket fått ein mørkare karakter. Musikken har ei ibuande uro, ei uro som for det meste er ulmande. «Dust And Sparks» illustrerer poenget godt. Låten har fine melodiske kvalitetar, men med romklang og ved konsekvent å nytta det lågare registeret på flygelet får musikken ein ambivalens som ein ikkje finn på debut-CD-en. Det påfølgjande sporet «Fields of Home» er eit døme på det ukomplisert melodiøse, men også her har det kome til ein tydeleg patina.
På sitt aller mest spanande er trioen i Sigurd Holes «Azzahra» – ei hylling til yngste dotter til profeten, Fatima Az-Sahra? Her spelar Ulvo modifisert piano som berre han kan det, og Sjøvaag trakterer darbouka (?). Hole sjølv spelar melodistemma og improviserer med bogen. Som for å komplettera biletet, tonar plata ut i Sjøvaags kontemplative, bånsullaktige «Andvare» der Hole innleiingsvis framfører temaet. Sjøvaags cymbalkomp må vera sjølve essensen i «less is more», og Ulvo improviserer med ein sprø, nærast honky-tonk-liknande pianoklang. Dette er musikk for mørke haustkveldar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.