Musikk

Lik eit arkeologisk funn

Shaggy har alliert seg med Sting, men resultatet er utan brodd.

Publisert

Dei fleste som var medvitne i 1990-åra, har truleg framleis Shaggys megahit «Boombastic» frå 1995 prega inn i hjernebarken. No har den etter kvart middelaldrande artisten slått reggae- og dancehallkreftene saman med vokalistbassisten Sting. Alliansen er uventa, men gir samstundes meining: Sting blei trass alt kjend gjennom det reggaeinspirerte post-punkbandet The Police.

Landkodar

44/876 er kalla opp etter landkodane til Storbritannia og Jamaica, landa dei to artistane kjem frå, og opningssporet inneheld nettopp telefonlydar. Plata er behageleg, sumarleg og lettsindig. Fellesnemnaren for båe dei to artistane og songane dei har laga saman, er sjangernemninga reggae fusion, og sounden her er heilskapleg og variert: «22nd Street» er svært lik Stings adult contemporary-musikk, «Dreaming In The USA» læt som det mest hyggjelege materialet frå The Police, «Crooked Tree» er ein cabaretaktig, teatralsk mordballade, medan singelen «Don’t Make Me Wait» er likefram reggaepop. «Gotta Get Back My Baby» blir litt vel sippete og boybandaktig for denne meldaren.

Liten motstand

Plata læt som eit arkeologisk funn frå 90-åra, og den litt naive musikken er omtrent like nusseleg som dei to veteranane ser ut på omslaget, smilande på motorsykkelsete.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement