Leik på ramme alvor
Skomsvoll har tydelegvis Coreas fulle tillit.
Jazz
Chick Corea m/Trondheim Jazzorkester og Erlend Skomsvoll:
What Game Shall We Play Today
Torgeir Andresen, Tore Johansen og Mathias Eick, trompet; Inge Hatlelid Mortensen, valthorn; Øyvind Brekke, trombone; Øystein Baadsvik, tuba; Sissel Vera Pettersen, sopran-, altsaks og vokal; Frode Nymo og Tor Yttredal, sopran- og altsaks; Atle Nymo, tenorsaks og bassklarinett; Kjetil Møster, tenorsaksofon; John Pål Inderberg, sopran-, barytonsaks og vokal; Chick Corea, piano; Hans Christian Frønes, gitar; Steinar Raknes, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer; Erlend Skomsvoll, direksjon. MNJ Records MNJCD020
Dette samarbeidet står heilt sentralt i den norske jazzkanonen. For knapt 18 år sidan kom ekstatiske meldingar frå Molde om konserten til Konsen Big Band (seinare Trondheim Jazzorkester (TJO)) og Chick Corea. NRK sende konserten, og me som ikkje var der, fekk rikt høve til å innsjå kva me hadde gått glipp av.
Leikent
Resten er soge – som det heiter. Allereie året etter gjesta bandet dei største norske byane, og i 2006 heldt dei konsertar i både New York og Tokyo. I 2010 turnerte dei i Noreg og Sverige. Til denne turneen hadde Skomsvoll valt ut ei handfull Children’s Songs frå Coreas plate med same namn (1983). Sjølvsagt er barnesongen over alle, «What Game Shall We Play Today», med. Det engelske språket sameiner å leika og å spela i verbet to play. Det er dette Corea og TJO gjennom eit 18 år langt samarbeid har drive på med. (Samarbeidet er nemleg enno ikkje over.) Dei har leikt og spelt i djupaste alvor.
Tor Yttredal
Igjen tilfører Skomsvoll både djupn og burlesk humor til Coreas musikk som kjennest svært rett og meiningsfull. Det til tider «uuthaldelege lette» i musikken får kvasse kantar og mørke fargar i arrangementa til Skomsvoll. Her er det ikkje snakk om å leika med sundagskleda på. Solistisk kjem godbitane tett. Eit ekstra utropsteikn i margen til Tor Yttredal som spelar for livet på «Pledge for Peace». Kven treng å leika ein spesiell leik når ein har slike leikekameratar, tenkjer sikkert Corea. Ein må berre gje han rett.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.