Musikk
Lærde tonevevar

Schütz, Schein, Scheidt – dette var dei tre store S-ane i tysk musikk i fyrste helvta av 1600-talet. Det er den siste og minst kjende av dei, komponisten Samuel Scheidt (1587–1654), Athesinus Consort Berlin vier det nye albumet sitt – også dette med verdspremierar på CD. Scheidt blei fødd og levde i Halle an der Saale, byen sørvest for Berlin der òg Händel kom til verda hundre år seinare.
Motettane frå samlinga Cantiones Sacrae (1620) har tekstar både frå Bibelens og reformasjonstidas salmar. Dei læt lærde og alvorlege og er teknisk mangslungne; me høyrer tydeleg at Scheidt var ein skolert organist. Men tørre er dei slett ikkje. Mange av melodiane kjenner me att, til dømes Luther-salmen «Folkefrelsar til oss kom», som Scheidt omarbeider til ein mektig tonevev for åtte songstemmer og bassakkompagnement.