Musikk

Langt mellom meisterverka

I kyrkjemusikken balanserer 200-årsjubilanten Charles Gounod estetisk sett på ein knivsegg.

CD

Charles Gounod:

Sacred Choral Music

Kammerchor I Vocalisti; Tobias Götting, orgel; dir.: Hans-Joachim Lustig. Carus 2018

Charles Gounod er mest kjend for operaane sine, særleg den populære Faust (1859) og den noko sjeldnare framførte Roméo et Juliette (1867). Og så har me jo den vidgjetne meditasjonen «Ave Maria» (1852) over Johann Sebastian Bachs fyrste preludium frå Das Wohltemperierte Klavier I, som fungerer både i kjøpesenterheisar og i gravferder. I høve komponistjubileet kjem det sjølvsagt nye CD-innspelingar av dei store meisterverka. Men det kjem òg plater som syner den delen av franskmannens oeuvre som er mindre kjend, til dømes denne med det fine tyske kammerkoret I Vocalisti, som inneheld kyrkjemusikk for kor og orgel.

Skuffande

Operakomponisten Gounod skreiv òg mengder med «seriøs» kyrkjemusikk, mellom anna 21 messer, som I Vocalisti framfører to av. Messe brève nr. 7 (1877) for solistar, blandakor og orgel opnar albumet. Eg lyt vedgå at eg blei skuffa over denne komposisjonen, for han er så enkel, med føreseieleg rytme, einfelt harmonikk og nesten ikkje spor av polyfoni. Grunnen er vel at musikken er mynta på amatørkor. Gounod ville nemleg restituera den store franske kortradisjonen, den som revolusjonstida hadde lagt brakk, og for amatørar kan ein ikkje komponera for komplisert. Vesentleg annleis er ikkje Messe brève nr. 5 (1871), bortsett frå at blandakoret her er bytt ut med trestemmig mannskor, noko som gjer klangen meir særmerkt.

Meisterverk

I mykje av kyrkjemusikken balanserer Gounod estetisk sett på ein knivsegg: Somme av stykka tenderer til religiøs kitsch – eg tenkjer til dømes på «Ave Maria», som for meg er nips i tonar. Andre verk er streitare, men sidan dei altså er tiltenkte amatørar, har komponisten lagt så mykje band på seg at det kling einsformig.

Men lyttar me til Les sept paroles du Christ sur la croix frå 1855, skjønar me at Gounod kunne skriva framifrå religiøse vokalverk. Dette beste stykket på plata er ei direkte frukt av den prestisjefulle Prix de Rome, som han blei tildelt av Académie des Beaux-Arts i 1839 og som innebar kunstnarstipend og to års opphald i Villa Medici i Roma. Der vitja han gudstenestene i Vatikanet og fordjupa seg i komposisjonane til den katolske kyrkjemusikkens største meister, Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594). Gounods stykke, som på norsk heiter «Jesu sju (siste) ord på krossen», er ikkje berre ei komposisjonsteknisk bragd. Den effektfulle vekslinga mellom homofone parti (der koret syng akkordar) og fugatoparti (der dei ulike stemmene set inn éi etter éi) skaper dramatisk driv. At Gounod ikkje er rein Palestrina-epigon, men romantikar, merkar me på den rike harmonikken.