Lågmælt og intimt
Feels Like Home har originalt repertoar og fine arrangement.
Jazz
Inger
Marie:
Feels Like Home
Inger Marie, vokal; Per Willy Aaserød, trompet; Bendik Hofseth, tenorsaks; Rasmus Solum, tangentinstrument og vokal; Halgrim Bratberg, gitar; Sungsu Kim, bass; Jarle Vespestad, trommer; Kjell Åge Stoveland, bratsj; Kristiansand strykekvartett.
Stunt Records STUCD 18042
Inger Marie Gundersen frå Arendal er ute med si femte utgjeving på danske Stunt. Repertoaret er henta frå eit breitt spekter av sjangrar. Tittellåten er skriven av Randy Newman, og ein finn elles Cropper og Reddings «(Sittin’ on) The Dock of The Bay» og John Fogertys «Long as I Can See The Light».
Gundersen har lagt ned mykje arbeid og omtanke i val av repertoar. Låtane kler stemma hennar – lytt til tittellåten, og du vil forstå – og står godt til kvarandre. Arrangementa er med å pusta nytt liv i gamle travarar. I den nemnde Otis Redding-klassikaren låner ho eit arrangementsgrep som Cassandra Wilson nytta med stort hell i «Last Train to Clarkesville». Også Gundersen – og pianisten hennar gjennom mange år, Oscar Jansen – har endra det harmoniske underlaget og melodistemma, slik at den gamle klassikaren blir om mogeleg endå meir «blå» og utrøysteleg. Aaserød, som også er produsent, har med skarpt blikk for detaljane makta å skapa ein balansert heilskap.
Sjølv om tolkinga av Fogertys «Long as I Can See The Light» legg seg nærare originalen, er dette den vakraste perla i samlinga. Ikkje berre yter tolkinga teksten rettferd, men dynamikken er brukt med eksepsjonell konduite. Jarle Vespestads trommespel er i så måte ein perfekt illustrasjon. Også Hofseths innsmett er formfullendt. Gundersen kastar seg ikkje ut på djupt vatn, men Feels Like Home er gjennomført intim og vakker.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.