Musikk
Kvalitetsmesser

Den jamt høge kvaliteten på Jan Dismas Zelenkas (1679–1745) messetonesetjingar imponerer meg for kvar nye komposisjon som kjem meg for øyro. Etter denne bøhmiske kontrabassisten, som var hoffkomponist hjå August den Sterke i Dresden, er det overlevert 30 store messer. Missa Sancti Josephi frå 1732, som Kammerchor und Barockorchester Stuttgart her spelar med god stilkjensle, var bokstaveleg talt ei hårsbreidd unna å bli offer for bombinga av Dresden i februar 1945: Originalpartituret, den einaste kjelda, er brunsvidd i kantane.
Stykket syner Zelenkas eigenart som komponist. På den eine sida har me den moderne «Laudamus te»-satsen («Me lovar deg»), som på rokokkomaner har lynsnare, rytmisk intrikate melodiar i kombinasjon med nesten banalt enkle bassliner. På den andre sida finst arkaiserande, gamalkatolsk vokalpolyfoni à la renessansekomponisten Palestrina, som er mest utprega i satsen «Qui tollis peccata mundi» («Du som tek bort verdas synder»).
Stjerna i solistlaget er sopranen Julia Lezhneva, som demonstrer songleg akrobatikk av fyrste klasse. Men den operaaktige vibratoen ho dei siste åra har lagt seg til, tener henne ikkje til fordel.