Musikk

Kultivert råskap

Kombinasjonen vokal, piano og perkusjon fungerer strålande.

Publisert

I seinare tid har Solveig Slettahjell reist rundt med trioen In The Country og Knut Reiersrud. Heldigvis tok ho seg tid til å gjera denne konserten på Victoria (fredag 29. september 2017), og heldigvis blei konserten teken opp og gjeven ut.

Bak dei ti låtane står sju ulike komponistar. Slettahjell har signert fire. Sjølv om mange komponistar er representerte, kan det meste definerast som gospelinspirert soul, blues og rhythm and blues. Dette har saman med salmeskatten vår vore Slettahjells kjernerepertoar i mange år. Det er såleis ikkje låtmaterialet i seg sjølv som gjer denne plata til juvelen ho er.

Slettahjell serverer nokre tolkingar som ikkje er kvardagskost sjølv for henne – tydlegast i låten «Be Steady». Her har ho ansvaret for både tekst og musikk. Låten er ganske A4, men Hausken og Slettahjell serverer ei aldeles rå tolking. Fraseringa er så langt ute og samstundes så kontrollert at det er ein fryd. Friksjonen og flyten i samspelet mellom piano og trommer er også ein bergtakande kvalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement