Musikk

Kraft og klarleik

Møster! har eit sikkert grep om dramaturgien i musikken.

Publisert

Musikken til Møster! er både kompromisslaus og lett å lika. Det vert ikkje gjeve ved dørene, men samstundes vert ein oppglødd over energien, entusiasmen og det stilistiske mangfaldet. Det siste har States of Minds teke med seg frå forgjengaren When You Cut Into The Present. Dei 80 minuttane med musikk er fordelte på to CD-ar og gjev ensemblet høve til å utforska ideane i djupna.

Variert

Musikken spenner frå den tunge, støyinspirerte «Sounds Like A Planet» til det enkle lyriske i «Phantom Bandotron». Bandet spenner opp det store lerretet i dei over 20 minuttar lange «Brainwave Entertainment» og «Life Wobble», men serverer også den ultrakorte duetten «Plate Sized Eyes».

Høgdepunkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement