Musikk

Kongelege velkomstar

Kong Jakob II av England (1633–1701) på eit måleri av Peter Lely.
Kong Jakob II av England (1633–1701) på eit måleri av Peter Lely.

CD

Henry Purcell:

Royal Welcome Songs for King James II

The Sixteen; dir.: Harry Christophers. Coro 2018

Det spesielle med Englands store barokkomponist Henry Purcells (1659–1695) «Welcome Songs», er at dei er så bundne til tid og stad: Hofftradisjonen tilsa at kong Jakob II av England, når han vende attende frå det landlege Winsdor Castle til Palace of Whitehall i London etter sommarferien, skulle takast imot med pomp og prakt, noko som innebar ein spesialkomponert ode.

Sidan slutten på som­mar­­­­ferien og den kongelege åremålsdagen 14. oktober gjerne fall saman, kunne desse merke­­­­dagane kombinerast i éin stor fest, noko som er bakgrunnen for Purcells to «Welcome Songs» frå 1686 og 1687, som det engelske barokkorkesteret The Sixteen no kjem med ei utmerkt innspeling av. Sidan dei berre nyttar tolv strykarar og åtte songarar (ein vanleg besetningsstorleik den gongen), har spelet ein vedunderleg klåre ved seg i både klang og artikulasjonen. Evna til å måla effektfulle klangbilete høyrer me i den kombinerte velkomst- og åremålsoden Sound the trumpet, beat the drum, Z335. For sjølv om her korkje finst trompetar eller trommer i orkesteret, greier både strykarar og songarar å illudera dei klanglege kvalitetane til desse militærinstrumenta.