Musikk
Kappleikskongen
Leif Rygg omformar dansespelet til lydarspel utan at det kjennest som noko tradisjonsbrot.
Tidlegare i år gav den 77 år gamle hardingfelespelaren Leif Rygg ut studioalbumet Vossaspel. Meir vossaspel er det å høyra på denne nye plata, men her dreier det seg berre om NRK-arkivopptak av meisterspelemannens framføringar på kappleikar og konsertar, frå 1957 og fram til i fjor.
Rygg er særleg kjend for å vera ein framifrå kappleiksmusikar, ikkje berre fordi han har vunne den kanskje gjævaste prisen (hardingfele, klasse A) heile fem gonger, men òg fordi han har vore ein miljøskapar og ein brubyggar mellom dei eldre spelemennene og nykomarane. Rygg har dessutan arbeidd som fylkesmusikar i Hordaland i mange år, og også på den måten vore ein misjonær for godt hardingfelespel.
Dansemusikk
Mange av kappleiksslåttane er i utgangspunktet dansemusikk – som springar og rull. Men Rygg er òg kjend for å dyrka det lyriske lydarspelet, der nettopp «Bygdatråen», i form etter Sjur Helgeland, nærast har vorte ein signaturslått for Rygg. Å balansera effektivt dansespel mot lydarspelets svulstige romantikk er ikkje lett. Og det er nok i dei stundene der Rygg maktar å tilføra noko av sitt lyriske særpreg, utan at det fjernar den strenge rytmikken som særpregar mykje av det eldre spelet, at Rygg har sin store styrke. Han omformar dansespelet til lydarspel utan at det kjennest som noko tradisjonsbrot.
Velfortent honnør
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.