JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Kammermusikalsk lekkerbisken

Folkemusikken pregar på eit eller anna vis det meste av det John Surman gjer musikalsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1697
20180119
1697
20180119

Jazz

John
Surman:

Invisible Threads

John Surman, sopran- og barytonsaks og bassklarinett; Nelson Ayres, piano; Rob Waring, vibrafon og marimba. ECM 2588

Det er ei knallsterk serie med plater John Surman har gjeve ut på ECM. Titlar som The Road to Saint Ives og Saltash Bells står fram sjølv i ECM-samanheng. Invisible Threads føyer seg fint inn i rekkja.

Dei tolv låtane blei spelte inn i Rainbow Studio i fjor sommar. Elleve av dei er signerte Surman, medan brasilianske Ayres har komponert den fornøyelege «Summer Song». Han har spelt med alle som betyr noko i brasiliansk musikk. Mest kjend er han vel for arbeidet i bandet Pau Brasil. Surman og Ayres møtte kvarandre under innspeling av eit par plater av vokalisten Marlui Miranda.

Vibrafon og piano

Etter kvart som komposisjonane til denne innspelinga tok til å materialisera seg, blei det klart for Surman at vibrafonisten Rob Waring måtte koplast på. Gary Burton har saman med Keith Jarrett og Chick Corea demonstrert kor vakkert piano og vibrafon kan låta saman. Det blir demonstrert til overmål her. Waring og Ayres balanserer rollene sine perfekt.

Den blå gleda

Musikken på Invisible Threads hentar ikkje tema eller form frå folkemusikken, men melankolien går som ein blå tråd gjennom all musikken på plata. Det er dette Sondre Bratland har kalla «den blå gleda». Det er ein tråd som er alt anna enn usynleg. Sjølv om Surman gjerne svingar seg i valsen, er det alltid med ein sår undertone. Det er denne ambivalensen som fascinerer.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis