Musikk

Jovan Pavlovic i XL-utgåve

Med Gil Evans og Hermeto Pascoal i bagasjen syner Pavlovic seg som ein raffinert arrangør.

Publisert

I 22 år har Pavlovic hatt Trondheim som base. Han kjem frå Beograd og har balkanmusikken under huda, spesielt sigøynarmusikken. I Trondheim har han samarbeidd med musikarar i mange leirar, men han er kanskje best kjend gjennom banda Bengalo og Urban Tunélls Klezmerband.

Konsertopptak

I fjor var Pavlovic-trioen på turné i Nordland saman med åtte musikarar frå kammermusikkensemblet i fylket. Musikken på Refleks, som med eitt unnatak er komponert og utan unnatak arrangert av Pavlovic, er henta frå to konsertar på denne turneen. Konsertsituasjonen gjev høve til å løysa litt på slipsknuten og opnar opp for improvisasjon. Det profitterer plata på. Mellom anna får me servert to delikate ytringar frå André Roligheten. Heldigvis har ikkje det blitt redigert for mykje i det som i utgangspunktet blei spelt.

Intensitet

Arrangementa til Pavlovic er varierte og fungerer godt, men på sitt aller beste er han i den vemodige og mangslungne tittellåten «Refleks», der han mellom anna låner eitt og anna arrangørgrep frå Gil Evans. Også i «Mashke» avslører han ei framifrå evne til å byggja intensitet over lengre strekk. Her utfordrar han også den rytmiske fleksibiliteten til ensemblet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement