Intense sigøynarsongar
Gjertruds sigøynerorkester har med seg Britt-Synnøve Johansen både som vokalist og tekstforfattar.
Britt-Synnøve Johansen syng med Gjertruds sigøynerorkester.
Pressefoto: Morten Berentsen / MBMultimedia.no
Folkemusikk
Gjertruds Sigøyner-
orkester & Britt-
Synnøve Johansen:
På reis, på reis
Britt-Synnøve Johansen, vokal; Gjertrud Økland, fiolin; Georg Reiss, klarinett/tarógató; Tom Karlsrud, trekkspel; Pål Thorstensen, bass; Helene Waage, cello; Ernest Bangó, cimbalom. Lærdal musikkproduksjon
Dette er den sjuande plata til Gjertruds sigøynerorkester. I tillegg til å forvalta ein rik musikkultur med impulsar frå mange stader i Europa, har dei tatt steget over frå å vera eit norsk ensemble som dyrkar noko fjernt og eksotisk, til å gå grundig inn i materien gjennom svært vellukka samarbeid med fleire av dei fremste representantane for sigøynar- og taterkulturen, mellom andre songaren Elias Akselsen.
Gjestesolist
Gjestesolisten denne gongen er Britt-Synnøve Johansen frå Haugesund. I utgangspunktet er ho popsongar som dei siste åra har fordjupa seg i fado, tango og musikken til Edith Piaf. Og påverknaden frå sistnemnde er svært tydeleg gjennom ein intens syngemåte, med dei karakteristiske r-ane som skarrar på ein rullande måte.
Johansen har òg omsett alle songane til norsk, og ho framfører dei på sin eigen dialekt. Songane er for det meste tradisjonelle, og nokre er alt kjende gjennom versjonar av Piaf og Piazzolla. Ein ny song har òg fått plass på plata: den fine valsen «Dans, mamma, dans» av Ragnvald Wernøe, med tekst av Johansen.
Høgt nivå
Musikarane held eit svært høgt nivå, samspelet er prega tryggleik og fullt av elegante detaljar. Men likevel: Det er songen som er i fokus her – på godt og vondt. Johansen har ei kraftfull stemme og ein svært tydeleg diksjon, men ofte vert det så intenst at syngemåten overskuggar både tekst og musikalsk heilskap. Likevel er plata ein fin presentasjon av ein musikkultur som fortener større merksemd.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikkvitar, musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.