Musikk

Intens nerve

Collegium Mûsicûms kor og orkester i Korskirken i Bergen.
Collegium Mûsicûms kor og orkester i Korskirken i Bergen.

CD

KnutVaage, Torstein Aagaard-Nilsen:

Høgsongen, Ars Vivendi

Mari Eriksmoen, sopran; Halvor F. Melien, baryton; Collegium Mûsicûms kor og orkester; dir.: Eivind Gullberg Jensen. Lawo 2017

Desse to tingingsverka frå Bergens Collegium Mûsicûms kor og orkester er begge laga av komponistar busette i Bergen. Det nyaste stykket er Torstein Aagaard-Nilsens (fødd 1964) Ars Vivendi frå 2014, med tekst frå Georg Johannesens diktsamling Ars Vivendi – eller de syv levemåter (1999). Somme av satsane blir litt for monotone, til dømes innleiinga «1 Tro (mandag)», som stampar for mykje. Betre fungerer «2 måtehold (tirsdag)», der dei ulike laga av melodisk rørsle som byggjer seg opp utetter i satsen, har ein suggererande verknad.

Det andre verket, Høgsongen frå 2009, er av Knut Vaage (fødd 1961). Dette er ei tonesetjing av utdrag frå Salomos høgsong, den bibelske diktsamlinga komponisten omtalar som «ei samanhengjande og høgstemt hylling av kjærleiken». Instrumentalopninga er spektakulær: Det er som om eit tungt og prydeleg teltforheng blir rive til side og me brått står andsynes Levantens eksotiske lydar, ein lyrisk larm av kvitrande piccolofløyter, kvekkande oboar, burande trompetar og kvasse strykarar som flengjer lydbiletet. Ein intens nerve strekkjer seg gjennom heile dette førti minuttar lange verket, noko som både kan førast attende til Vaages kompetente komposisjonshandverk og den lytefrie direksjonen til Eivind Gullberg Jensen.