Musikk
Innettervende ornament
Michel Lamberts komposisjonar for «den stille veka» er så erkefranske som ein får dei.

Den franske songaren Marc Mauillon har ei heilt spesiell røyst, både når det gjeld klang og songstil. Røysta er rik på overtonar, og sidan han har jamn klang i alle register og nesten ikkje nyttar vibrato, læt han nærast som eit orgel. Men så er då òg repertoaret på dette dobbelalbumet noko for seg sjølv, i ein stil som krev ein særeigen framføringsteknikk.
Tenebrae
Komponisten på plata, Michel Lambert, var på 1600-talet ein av Frankrikes viktigaste musikarar og ein pioner innan den særeigne franske vokalmusikken, den som utover i hundreåret skilde seg stadig meir frå den italienske. Verket hans, som her er spelt inn i heilskap for fyrste gong, treng ei lita forklaring: Leçons de ténèbres blei komponerte for «den stille veka» i 1662, den som går frå palmesundag og påskeaftan, og blei framførte under tenebrae, tidebønnene på skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Namnet tenebrae, som tyder «mørker» eller «skugge», skriv seg frå ritualet under tidebønene: For kvar salme som blei sungen, blei eitt ljos i kyrkja sløkt, heilt til kyrkjerommet låg innhylla i mørker.
Rytmisk vrikking
Lamberts Leçons de ténèbres er så erkefranske ein får det. Dei er for éin songar og basso continuo, den besifra basslina som her blir utført på viola da gamba, teorbe (basslutt) og cembalo eller orgel. Songmelodien er uvanleg rikt ornamentert, men ikkje på den ekspressive italienske måten. Nei, det er noko innettervend, noko mediterande med ornamenta hjå Lambert. For dei er ikkje er sette saman av lange, jamne tonestraumar som i italienske ariar, men er rytmisk «vrikkande», tilpassa den franske språkrytmen, som jo ikkje flyt like jamt som den italienske. Denne songstilen rår Marc Mauillon over til fullnad. Saman med bassgruppa, som framfører akkompagnementet med uvanleg akkuratesse, har han fått i stand ei sjeldsynt fin plate.