Musikk
Hylling til Tadd Dameron
Dette er eigentleg Per Husbys plate.
Denne CD-en kombinerer Tadd Dameron-materialet frå Dedications (Hot Club Records, 1985), If You Could See Me Now (Gemini Records, 1996) og to opptak frå Oslo og Molde som tidlegare ikkje er utgjevne. På første plata er storbandet norsk og på andre amerikansk. Båe banda læt strålande og har sterke solistar. Karin Krog og Georgie Fame er førte opp som hovudartistar, men dette er først og fremst Per Husbys plate. Ærast den som ærast bør!
Dameron
Den amerikanske pianisten Tadd Dameron (1917–65) blei av Dexter Gordon kalla romantikaren i beboprørsla, og både komposisjonar og innspelingar Dameron lét etter seg, underbyggjer Gordons karakteristikk.
Diverre blei Dameron berre 48 år, og dei siste åra var prega av rusmisbruk og sviktande helse, men i sine velmaktsdagar spelte han med og komponerte for dei fremste jazzmusikarane i samtida.
Går i djupna
Husby har gått grundig inn i musikken til Dameron, og han hentar fram uutgjevne komposisjonar. Arrangementa syner stor respekt for den spesielle dameronske dåmen, men Husby lèt ikkje sjansen gå frå seg til å skriva inn små sitat frå andre komponistar og arrangørar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.