Musikk
Hektisk Händel

Det er nok ikkje berre eg som tykkjer at Acis and Galatea, HWV 49, er Georg Friedrich Händels (1685–1759) beste sceniske musikkverk. For årvisst kjem det nye innspelingar av denne minioperaen frå 1718 om kjærleiken mellom vassnymfa Galateia og hyrdingen Akis, ei soge som er henta frå Ovids Metamorfosar. Det fyrste ein merkar seg med det britiske Early Opera Companys tolking, er at tempovalet i sinfoniaen (den instrumentale opningssatsen) er i overkant hektisk. Dette gjeld òg for somme av songnummera, som ikkje får den tyngda referanseinnspelinga mi frå 1999 har – eg tenkjer her særleg på den vedunderlege korsatsen Wretched Lovers. Men når det gjeld den speletekniske kvaliteten på framføringa, kan dette albumet måla seg med dei beste innspelingane.