Musikk
Heksejakthyl
Bad Witch er ei hektisk plate om dagens sosiopolitiske klima.
Vel er vi midt i badesesongen, men Bad Witch – det niande studioalbumet til det amerikanske industrirockebandet Nine Inch Nails – kan verke som ein problematisk tittel i vår #metoo-forsynte opplysningstid. Ved nærare ettertanke kjem ein fram til følgjande: Medan «heks» ofte vert brukt – feilaktig – som nedsetjande term for kvinner, er den vonde heksa her snarare Donald Trump og regjeringa hans, som ofte hevdar å bli utsett for «heksejakt».
Gildet startar med «Shit Mirror», ei svært industriell rockesak med forvrengd pumpebass, forvrengd surferockrytmikk og forvrengd hylevokal som ved første øyrekast fort kan forvekslast med det meste innan industriell rock frå siste halvdel av 90-åra. Det er knapt nyskapande – før ein abrupt dobbel heilpause like før det andre minuttet varslar om skifta som skal kome: Andresporet «Ahead of Ourselves» er eit hektisk vitnesbyrd om det sosiale mediestyrte, kakofoniske offentlege ordskiftet, og læt som ein industrirockvariant av James Browns dissonansdrivne funk. Instrumentalsporet «Play the Goddamned Part» startar som ein forvridd cover av New Orders «Blue Monday», tar snart ein ekskursjon ut i jazzterritoriet og endar opp i eit nordafrikansk postapokalyptisk ørkenlandskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.