JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Hasse på skakke

Elena De Simone har grave fram ukjende perler frå operalitteraturen, som ho syng falskt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3245
20180831
3245
20180831

CD

Johann Adolf
Hasse:

Arie d’opera

Elena De
Simone, mezzosopran; Ensemble Il Mosaico. Tactus 2018

Johann Adolf Hasse var ein av dei mest suksessrike tyske komponistane innan italiensk opera i fyrste helvta av 1700-talet. Ein annan og meir kjend tyskar som hadde ein liknande karriere, var den fjorten år eldre Georg Friedrich Händel; begge slo gjennom som operakomponistar i dei italienske storbyane Venezia, Roma og Napoli, i nasjonen som den gongen blei sett på som «musikkens heimland».

På dette albumet syng den italienske psykologen, pianisten og operasongaren Elena De Simone ti Hasse-ariar som aldri har blitt spelte inn på plate før. Dei er henta frå tragiske italienske operaar, slike me kallar opere serie.

Uforfalska italiensk

Korleis skal me skildra komposisjonsstilen til Hasse? Ei samanlikning med Händel kan løna seg. Medan Händel lét som Händel uansett om han set tonar til italiensk, tysk eller engelsk tekst, er det noko meir uforfalska italiensk over Hasse. Han rår så suverent over denne nasjonalstilen at det er vanskeleg å oppdaga opphavet hans. Skal eg prøva å finna spor av det tyske i ariane som her er spelte inn, må det vera at dei stundom har uventa harmoniske og melodiske vriar av det slaget dei italienske kollegaane hans neppe ville ha funne på. Eg tenkjer til dømes på opningsritornellet (den instrumentale innleiinga) til den vemodige arien «Se tutti i malo miei» frå operaen Demofoonte (1732), der det er eggjande ambivalente vekslingar mellom dur og moll. Tilløp til raffinert fleirstemmigheit av den typen tyskarane er så kjende for, er der òg.

Bananskal

Hasses musikk er interessant: Oppfatninga av at han, i motsetnad til Händel, var ein preglaus serieprodusent av moteriktige operaar, slik eldre musikkhistorieskriving gjerne vil ha oss til å tru, kjenner eg meg ikkje att i. Korleis er det så med tolkinga på dette albumet? Ensemble Il Mosaico spelar godt. Den intime besetningsforma, med berre to fiolinar og høvesvis éin bratsj, cello, kontrabass og cembalo, gjer alle detaljane høyrlege.

Men så er det songsolisten: Elena De Simone har ei rik mezzosopranrøyst med uvanleg kraft i det djupe registeret. Men ho slit i det høgaste registeret. Dei stadane der ho når topptonane gjennom trinnvise tonerørsler oppover, går det greitt. Men når melodien har store sprang til topptonane, går det for ofte gale. Fyrste gongen eg kvakk til, var i andre sporet på plata, i byrjinga av den livfulle arien «Tradita, sprezzanta» frå operaen Semiramide Riconosciuta (1747). Når ho landar på topptonen, er det som om ho sklir på eit bananskal – intonasjonen er så skeiv at ein mest lyt gjetta seg fram til kva tone ho har til føremål. Ein uheldig bommert? Nei, for i repetisjonen – ariane er i A–B–A-form – læt det like gale.

Slik ho er no, høyrest innspelinga ut som eit dårleg konsertopptak og burde aldri ha kome ut, noko som overraskar, for plateselskapet Tactus plar borga for kvalitet. Og eg ergrar meg på vegner av komponisten, for dette sjeldne repertoaret kjem nok ikkje til å bli spelt inn att med det fyrste.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis