Musikk

Hard og mjuk vestkystrock

Circle Six er ei variert, men heilskapeleg plate.

Publisert

Rock

Den bergensbaserte, panvestlandske kvintetten Emmerhoff & the Melancholy Babies har halde saman sidan 1996, og Circle Six er, som namnet hintar om, det sjette studioalbumet deira.

I det forblåste opningssporet «Boreas», oppkalla etter den greske guden for nordavinden, blir 70-tals prog og psykedelisk rock krydra med eit islett svartmetall. Den mellomaldersk keltiskklingande andrelåta «Koral» er ein ballade av den heller hardtslåande sorten, medan «Aerial» er ein drøymande sumarpoplåt i silkemjuk kammerpopstil. Med «Desert Ritual» blir øyra sende ut på surfetur over vestafrikanske sanddyner mot eit metallisk ragnarok-rock-coda.

«Lovers Left Alive», truleg oppkalla etter Jim Jarmuschs vampyrdrama frå 2015, er atter ein sumarleg popsong – det læt diverre litt vel sukkersøtt, så like greitt å hoppe vidare til «BB», ein instrumental i søvnig, ørkenaktig solstikkdelirium.

«Astral Nomad» skrur tempoet opp mot himmelkvelvingen med ei spretten skarptromme som astraltrampoline, før plata landar med voggesongen «Sleepwalker».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement