Musikk

Hand i hanske-samspel

Andy Sheppard og Espen Eriksen Trio har funne kvarandre.

Publisert

Den 16. september i fjor var eg på konsert med kvartetten. Kort tid etter skulle dei i studio for å spela inn denne plata. Konserten gav meg grunn til å sjå fram til plata med store forventningar. Eriksen har komponert åtte nye låtar spesielt til dette samarbeidet. At Eriksen er ein låtsmed av rang, har han vist før. Han viser det til overmål igjen.

Fraseringsdetaljar

Musikken er heile vegen melankolsk og melodiøs og pendlar mellom ballade og medium tempo. Arrangementa er enkle, og alle fire held på nøkternt vis attende, men ensemblet er aldri innovervendt. Det er noko liketil og rett på sak i musiseringa som er svært tiltalande, som til dømes «Suburban Folk Song» der Eriksen er på sitt beste og mest karakteristiske. Sheppard er ein meister i å forma temaa med små fraseringsdetaljar som gjer den store skilnaden. Han har også ei makelaus evne til å vera i dialog, venta på innspel frå dei tre andre. «Naked Trees» og «Above The Horizon» er i så måte to glansnummer.

Heilstøypt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement