Musikk

Grønseth attende med A-lag

Multiverse kombinerer på glimrande vis komposisjonane med vide improvisasjonsflater.

Publisert

Anders Lønne Grønseth kom inn på jazzscenen i byrjinga av tusenårsskiftet som ein leiande medlem i kvartetten Sphinx. Bandet gav ut fire plater og turnerte flittig.

Seinare har Grønseth gått andre vegar og engasjert seg i musikk frå Midtausten og India. I 2016 kom ei plate der han samarbeider med slidegitaristen Debashish Bhattacharya og tablaspelaren Subhasis Bhattacharya, begge frå India, og den amerikanske gitaristen Kenny Wessel, men framfor alt har Grønseth dykka djupt inn i komposisjonsfaget.

Musikalsk bagasje

Når han no er attende med ein kvintett med klassisk instrumentering, er det nettopp med mykje ekstra musikalsk bagasje som det seinaste tiåret har gjeve han.

Med seg har han Audun Ellingsen frå Sphinx-tida, den etterspurde pianisten Espen Berg og den islandske veteranen Einar Scheving på trommer.

Dei seks komposisjonane er alle førte i pennen av Grønseth, men «Holographic» er basert på Oliver Messiaens «Modes of Limited Transpostions».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement