JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Gjennomtenkt heilskap

Dei tre siste platene til Geir Sundstøl heng saman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2011
20181026
2011
20181026

Verdsmusikk

Geir Sundstøl:

Brødløs

Hubro

Dette er den tredje plata strengemeisteren Geir Sundstøl gjev ut på plateselskapet Hubro i løpet av kort tid. Sundstøl er kjend som ein av landets mest nytta studiomusikarar, men gjennom soloprosjektet sitt får han vist at han ikkje berre er ein strålande gitarist, men like mykje komponist, arrangør og produsent.

Spelerom

Samstundes som han breiar seg med melankolske melodisnuttar og arsenal av kjende og ukjende strengeinstrument, gjev han sjenerøst spelerom til medmusikarane Erland Dahlen (slagverk), David Wallumrød (tangentar), Sanskriti Sheresta (tabla), Mats Eilertsen og Jo Berger Myhre (bass) og Nils Petter Molvær (trompet). Fleire av desse var med på dei førre to platene, og heile bandet til Molvær er representert.

Stilistisk er musikken vanskeleg å plassera. Akustiske gitarar, bjøller og tablatrommer gjev assosiasjonar til det som i mangel av eit betre namn kan kallast verdsmusikk. At musikarane har bakgrunn frå pop/rock og moderne jazz, er tydeleg, utan at musikken dermed kan plasserast i nokon av dei båsane. Framfor alt er den stillferdige og dvelande musikken sterkt prega av den forma for minimalisme som kan kallast ambient, men – vel å merka – i tradisjonen etter Brian Eno, som på denne plata er representert med instrumentalen «Warszaw», som han midt i 70-åra laga saman med David Bowie.

Heilskap

Sjølv om denne tolkinga sikkert kan lesast som om musikken sprikar i alle retningar, er det ikkje slik. Alle elementa inngår i ein fin og gjennomtenkt heilskap, og det er ingenting som stikk seg ut. Difor er det slik at dei tre siste Sundstøl-platene står fram som eit heile – ein trilogi. Det går ikkje lenger an å seia at dette er spanande musikk. Men det gjer ingenting, fordi det er meisterleg utført av musikarar som ikkje treng å briljera for å visa kor flinke dei er.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis