Musikk

Gitarist-aktivisten

Marc Ribot gjekk slukøyrd heim frå Occupy Wall Street. Det vart det plate av.

Gitarspelet til Marc Ribot er frigjerande i seg sjølv, skriv Øyvind Vågnes.
Gitarspelet til Marc Ribot er frigjerande i seg sjølv, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Det var morgon, og aktivistane hadde samla seg i New York by – du hugsar kanskje Occupy Wall Street? Brått summa det i folkemengda. «Politiet er på veg!» «Vi treng noko å synge», var det einkvan som sa. Men kva?

Protest

Eit spreidd forsøk på Tom Pettys «I Won’t Back Down» vart prøvd. Det fungerte ikkje så godt. Midt mellom alle stod gitaristen Marc Ribot og kjende seg frustrert. «Tenk alle songane vi kunne ha samla oss om no», tenkte han. Men ingen kjende til dei.

Slik er den tidlegaste forhistoria bak ferske Goodbye Beautiful / Songs of Resistance 1942–2018, plateprosjektet Ribot tok til å arbeide med for alvor mot slutten av 2016, då Trump vart president. Avantgardisten Ribot er også internasjonalist, ein ettertrakta musikar på scener over heile verda. Store delar av tida er han på reise, og han kom til konklusjonen om at Trump ikkje er eit isolert fenomen – «if we don’t deal with what is going on, it is going to deal with us», seier han i eit presseskriv som følgjer det nye albumet.

Som mange andre kjenner eg Ribot som ein gitarist som var med på å prege særleg Tom Waits’ 1980-talsplater, og etter kvart ei rekkje sentrale utgivingar i tiåra som følgde. Det dreier seg om ein ikonoklastisk musikar som har utvida førestellinga om kva rolle lyden av ein gitar kan spele i ein song. Fleire flotte soloplater har det også vorte.

Lite visste eg likevel om Ribots politiske engasjement, for det viser seg at han har vore aktivt med både lokalt, nasjonalt og globalt, i ei rekkje spørsmål som opptek han. Og i denne samanhengen har han altså registrert at protestmusikken har spelt ei stadig mindre rolle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement