Funk som alternativ medisin
Parliaments første plate på 38 år er både forfriskande og dagsaktuell.
Funk
Parliament:
Medicaid Fraud Dogg
C Kunspyruhzy Records
P-funk står for psykedelisk funk og for Parliament-Funkadelic – mellom anna. Sistnemnde er namna til dei to George Clinton-leia banda som saman står bak den karakteristiske klangen av P-Funk: funk iblanda store dosar psykedelika, rock à la Jimi Hendrix, spinnvill, absurdistisk UFO-mytologi og Sun Ra-aktig afrofuturistisk sci-fi-estetikk. Med Medicaid Fraud Dogg, den første plata under Parliament-fana på 38 år, har den gode, 76 år unge Dr. Funkenstein (som eit av Clintons pseudonym lyder) oppdatert P-Funk-sounden for det moderne musikklandskapet på intenst dansbart vis.
Den som har vore heldig nok til å oppleve Parliament-Funkadelic på konsert – ein slik kan fort vare i tre timar – er klar over at P-Funk-kollektivet veit å setje i hop lange musikalske strekk som slett ikkje er langtekkelege. Denne plata klokkar inn på bortimot to timar, og dekker eit vidt spektrum av uttrykk, frå knallhard synthbass-driven funk (til dømes singellåten «I’m Gon’ Make U Sick O’Me») til blytung, dramatisk hiphop («Mama Told Me») og hugtakande, snodige saker, som den delirisk flytande «Antisocial Media».
«One Nation Under A Groove», lyder ei av Funkadelics mest kjende strofer. Her er slagordet «One Nation Under Sedation». Det er tale om ein kritikk av farmasøytindustrien, sosiale medium og det som sløvar oss ned generelt. Medicaid Fraud Dogg foreslår funk som alternativ medisin, og albumet er ei fin lita doseringseske – både roande og oppkvikkande.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Funk
Parliament:
Medicaid Fraud Dogg
C Kunspyruhzy Records
P-funk står for psykedelisk funk og for Parliament-Funkadelic – mellom anna. Sistnemnde er namna til dei to George Clinton-leia banda som saman står bak den karakteristiske klangen av P-Funk: funk iblanda store dosar psykedelika, rock à la Jimi Hendrix, spinnvill, absurdistisk UFO-mytologi og Sun Ra-aktig afrofuturistisk sci-fi-estetikk. Med Medicaid Fraud Dogg, den første plata under Parliament-fana på 38 år, har den gode, 76 år unge Dr. Funkenstein (som eit av Clintons pseudonym lyder) oppdatert P-Funk-sounden for det moderne musikklandskapet på intenst dansbart vis.
Den som har vore heldig nok til å oppleve Parliament-Funkadelic på konsert – ein slik kan fort vare i tre timar – er klar over at P-Funk-kollektivet veit å setje i hop lange musikalske strekk som slett ikkje er langtekkelege. Denne plata klokkar inn på bortimot to timar, og dekker eit vidt spektrum av uttrykk, frå knallhard synthbass-driven funk (til dømes singellåten «I’m Gon’ Make U Sick O’Me») til blytung, dramatisk hiphop («Mama Told Me») og hugtakande, snodige saker, som den delirisk flytande «Antisocial Media».
«One Nation Under A Groove», lyder ei av Funkadelics mest kjende strofer. Her er slagordet «One Nation Under Sedation». Det er tale om ein kritikk av farmasøytindustrien, sosiale medium og det som sløvar oss ned generelt. Medicaid Fraud Dogg foreslår funk som alternativ medisin, og albumet er ei fin lita doseringseske – både roande og oppkvikkande.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.