Musikk
Frydesam kammermusikk
Zelenkas triosonatar læt både lærde og livfulle.
Jan Dismas Zelenka (1679–1745) tente ved den saksiske kurfyrstens hoff i Dresden. Målarstykke av Canaletto frå 1748.
Dei seks triosonatane er Jan Dismas Zelenkas mest kjende opus. Det var desse som markerte byrjinga på renessansen hans i 1970-åra, etter at han hadde vore gløymd i over 200 år. I dag er han den mest spelte og innspelte av Böhmens barokkomponistar.
Komponisten blei fødd i ei bygd søraust for Praha, men flytta snart til Dresden, der han fekk stilling som kontrabassist i det kurfyrstelege orkesteret. Dette hindra han ikkje i å gjennomføra ei rekkje «etterutdanningsturar» til Austerrike og Italia; her tok han undervisning hjå samtidas fremste tonekunstnarar, før han slo seg ned i Dresden for godt, då som kurfyrsteleg hoffkomponist.
Løynske vriar
Det eg likar med Zelenka, er at musikken hans kling grunnlærd samstundes som han alltid byr på overraskingar: brå stemningsskift midt i satsane, løynske vriar på melodien og saftig harmonikk – dei to siste tinga har han sams med J.S. Bach, som me veit sette pris på Zelenkas musikk.
Tsjekkiske Collegium 1704 er det barokkensemblet som har bidrege mest til å få musikken hans kjent internasjonalt. Dei har dei siste åra kome med ei rekkje herlege innspelingar, særleg av kyrkjemusikken hans, som har ein operaaktig lettskap ved seg. Annleis er det med triosonatane, som kling meir «lærde». Dette har med sjangeren å gjera: For ambisjonsrike barokkomponistar var triosonatar sjølve prøvesteinen for kompositorisk kunne. Slike stykke er for to toppstemmer og basso continuo, den besifra basslina som vanlegvis blir utført av cembalo og cello, og idealet var å laga dei to toppstemmene mest mogleg likeverdige. Dei to melodiane måtte altså vera sjølvstendige i høve til kvarande, noko som krev grundig kjennskap til polyfone teknikkar – den kunstferdige, fleirstemmige stilen.
Livfulle fagottstøyt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.