Fridom gjennom sjølvdisiplin
Knut Kvifte Nesheim vil ikkje låsa seg i etablerte stilistiske kategoriar.
Knut Kvifte Nesheim er komponist, trommeslagar og vibrafonist.
Pressefoto
Samtidsmusikk
Knut Kvifte Nesheim:
Results
One Take Records
Denne plata er sett saman av sju spor musikk for solotrommesett. Mannen bak verket er Knut Kvifte Nesheim, som på nettsida si presenterer seg som trommeslagar, vibrafonist og komponist som arbeider med jazz, folkemusikk, improvisasjon og alt innimellom. Det er med andre ord tale om ein musikar som ikkje vil låsa seg i etablerte stilistiske kategoriar – noko han ikkje er åleine om for tida.
Det meste av musikk for soloslagverk som er laga i den vestlege verda (inkludert Noreg), kan vanlegvis kategoriserast som «samtidsmusikk» eller «moderne jazz» (eventuelt «frijazz»). Medan «samtidsversjonen» ofte er prega av ekstremt kontrollerte detaljar på mikronivået (oftast med utgangspunkt i eit svært komplisert partitur), er den «friimproviserte» versjonen helst prega av ekstatiske kaskadar av lyd, gjerne utan fast metrum (eller takt, som det heiter i kvardagsspråket).
Nesheim synest å vera sterkt medviten om desse to ytterpunkta og vel difor ein annan veg: I presentasjonen av prosjektet seier han ingenting om verken sjanger eller arbeidsmetode. I staden gjev han oss overraskande hint ved hjelp av den visuelle utforminga av LP-omslaget: På eit fotografi av ei einsleg flaske energidrykk er tittelen Results skriven loddrett (som i eit kryssord), medan titlane er skrivne vassrett, på tvers av platetittelen. Og titlane (som «Hard Work», «Goals» og «No Excuses») fylgjer opp heilskapskonseptet, der disiplin, målretting og kontroll synest å stå i høgsetet.
Men det visuelle og tekstlege er ikkje berre «image» eller «gimmick» som det heiter i den anglifiserte kunstterminologien. For alle spor på plata er prega av den same viljen til avgrensing og sjølvdisiplin. «Låtane» eller «satsane» (alt etter kva sosiomusikalsk utgangspunkt ein har) er korte, prega av nokre få klanglege idear og gjennomførte med utvalde delar av det uendelege arsenalet med lydvariasjonar i slagverkverda. Knut Kvifte Nesheim har funne improvisatorisk fridom gjennom disiplin meir enn ekstase.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.