Musikk

Framtidsantropologi

Fiksjonsfolkemusikk frå Nord-California på 80-talet.

Publisert

Science fiction- og fantasyforfattaren Ursula K. Le Guin døydde i januar. Den siste tida jobba ho med ei ny utgåve av Music and Poetry of The Kesh, ei musikksamling laga i samarbeid med komponistsynthisten Todd Barton, tidlegare gjeven ut på kassett saman med boka Always Coming Home i 1985. No er musikken for første gong tilgjengeleg på vinyl og i eit format som kan lastast ned.

Le Guins gjennombrotsroman Mørkets Venstre Hånd (1969, på norsk 1980), sett til ein planet der alle menneske er tvikjønna, er på same tid ei medrivande soge og lik ein presis antropologisk studie av ei utanomjordisk verd, og meistrar slik å seie bøttevis om vårt eige samfunn. Always Coming Home og Music and Poetry of The Kesh er eit liknande prosjekt, men denne gongen er det Kesh-folket, som «kan hende kjem til å ha levd ei lang, lang tid inn i framtida i Nord-California», for å parafrasere Le Guins introduksjon til boka vi får eit innblikk i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement