Musikk

Frå ord til tonar

CD

Martin Romberg, Torstein Aagaard-­Nilsen, Kjell ­Habbestad:

Norwegian Saxophone

Ola Asdahl Rokkones, saksofon; The St. Petersburg Northern Sinfonia; dir.: Fabio Mastrangelo. LAWO 2018

Dei hentar alle inspirasjonen frå litterære verk, desse tre norske komposisjonane for altsaksofon og orkester som den dyktige Tromsø-baserte saksofonisten Ola Asdahl Rokkones er solist i på albumet Norwegian Saxophone. Det symfoniske diktet The Tale of Taliesin (2009) av Martin Romberg (fødd 1968) byggjer på soga om den walisiske skalden Talesin frå 500-talet. Sjølv om Romberg er den yngste av komponistane, er tonespråket hans det mest tradisjonelle, med tydelege orkestrale reminisensar av russisk seinromantikk.

Torstein Aagaard-Nilsens (fødd 1964) Bør (2014) tek utgangspunkt i eit Stein Mehren-dikt med same namn. Det er skrinnare orkestrert (berre strykarar og saksofon), med kvasse strykarklangar som blenkjer som kalde stråler frå ei låg sol. Det mest «lærde» stykket er Kjell Habbestads (fødd 1955) Un rêve Norvégien (2002/2015), som baserer seg på Draumkvedet. Innanfor den tradisjonelle concerto-forma i tre satsar kombinerer han eit utal kompositoriske teknikkar, noko som gjev eit meir fortetta uttrykk enn i dei to andre komposisjonane på plata.