Musikk
For cello åleineCDJohann Sebastian Bach: Cello SuitesBjørg Lewis, cello. LAWO 2018J.S. Bachs solomusikk for melodiinstrument sluttar aldri å fascinera. Betre enn nokon annan barokkomponist greier han å skapa ein illusjon av at det er

CD
J.S. Bachs solomusikk for melodiinstrument sluttar aldri å fascinera. Betre enn nokon annan barokkomponist greier han å skapa ein illusjon av at det er to instrument som spelar. Dette oppnår han gjennom raffinert bruk av «løynd tostemmigheit» i komposisjonen som gjev inntrykk av at solisten akkompagnerer seg sjølv. På soloalbumet sitt spelar Bjørg Lewis tre av Bachs cellosuitar. Til liks med klaverpartitaane er desse samansette av eit forspel (preludium), fylgt av ei rekkje stiliserte barokkdansar med kontrasterande karakterar.
Korleis skal me skildra Lewis’ framføring? I fleire av dei raske satsane tykkjer eg at karakterane blir utydelege. Eg tenkjer til dømes på allemande-satsen frå Cellosuite nr. 3 i C-dur, BWV 1009, som ho spelar svært snøgt. Ja, det læt stundom hektisk, noko som òg svekkjer den løynde tostemmigheita i komposisjonane. Det blir nemleg ikkje tid til å markera kva som er meloditonar, og kva som er basstonar.
Betre fungerer satsane som går i langsamt eller moderat tempo, til dømes sarabande-satsen frå Cellosuite nr. 2 i d-moll, BWV 1008, der Lewis’ gravitetiske spel gjev musikken eigenart. Dette gjeld òg den doble menuett-satsen i same suite, der ho tek seg ordentleg tid til å leggja vekt på dei trykktunge slaga i takten, noko som skaper umiskjenneleg dansepreg.