Musikk

Fleirtydig tone

CD

Nils Henrik Asheim, Jan Erik Mikalsen, Magnar Åm:

Chasing Strings

Telemark Kammerorkester; dir.: Jan-Erik ter Jung.
Fabra 2018

Telemark Kammerorkester gjev oss her fire verk av tre nolevande norske komponistar. Nils Henrik Asheims (fødd 1960) skifterike komposisjon Chase har det til felles med G.F. Händels Concerti a due cori at han deler orkesteret i to grupper som tevlar mot kvarandre. Mest interessant tykkjer eg Magnar Åms (fødd 1952) Studier over ein salmetone frå Luster frå 1977 er, der han tek utgangspunkt i folketonen «Dagen viker og går bort» frå Luster i Sogn. Eg lèt meg imponera over korleis komponisten både teknisk og uttrykksmessig greier å nytta den fleirtydige tonaliteten i melodien til å skapa eit originalt verk med overraskande vendingar.