Musikk

Flammande koloratur

Ann Hallenberg syng ukjende ariar frå den venetianske operasesongen 1729.

CD

Giacomelli, Orlandini, Albinoni, Porpora, Leo, Vinci:

Carnevale 1729

Ann Hallenberg, mezzo-
sopran; Il pomo d’oro; fiolin og leiing: Stefano Montanari. Pentatone 2018

Karnevalsfeiringa i Venezia går attende til slutten av 1000-talet. I dag er ho degenerert til pinleg Disneyland-aktig kommers, men lenge var den årvisse festen ei av dei viktigaste kulturhendingane i Europa: I barokken var Venezia-karnevalet i praksis ein to månadar lang operafestival, der turistar frå heile den vestlege verda vitja lagunebyen for å sjå og høyra dei mest virtuose songarar briljera med nyskrivne ariar av dei beste operakomponistane i samtida.

Maskuline kastratar

I motsetnad til i dei fleste europeiske byar, der opera fyrst og fremst var eit statussymbol for absolutistiske makthavarar, blei operahusa i republikken Venezia drivne av rike familiar som førte dei som kommersielle føretak. Sidan operahusa stod i konkurranse med kvarandre, var det viktig å kunna skilta med å ha dei mest moderne komponistane, dei mest spektakulære og kompliserte scenebileta og dei mest namngjetne songsolistane. Særleg attraksjon vekte kastratane – dei kastrerte, mannlege songarane som song med sopran- eller altrøyst, noko ein oppfatta som ideelt for maskuline helteroller.

Verdspremiere på CD

På det nye dobbeltalbumet Carnevale tek den svenske mezzosopranen Ann Hallenberg utgangspunkt i éin spesiell karnevalssesong, nemleg den som gjekk av stabelen dei åtte vekene frå 26. desember 1728 til 27. februar 1729. Arbeidet hennar er eit nybrottsarbeid, for 13 av dei 14 operaariane har aldri vore spelte inn på plate før. I grunnen har dei vel ikkje vore framførte i det heile dei siste 250 åra.

Hallenberg er ein dyktig koloratursongar som utfører sjølv dei raskaste ariane med flammande uttrykk, heilt utan teknisk slark. For vokalistane på 1700-talet var det å ha ein god koloratur (songteknikken der ein syng lange løp med snøgge tonar og triller på éi staving) sjølve prøvesteinen som operastjerne. Like imponerande som Hallenbergs prestasjon er spelet til det sveitsiske barokkorkesteret Il pomo d’oro. Kvalitetane deira høyrer me alt i instrumentalforspelet til den fyrste snøgge arien, «Non sempre invendicata» frå operaen Adelaide, komponert av florentinaren Giuseppe Maria Orlandini (1676–1760). Den smidige, dønn presise måten fiolinistane under leiing av italienaren Stefano Montanari spelar dei kvikke melodimotiva på, tek pusten frå lyttaren.