JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Fire! med rockefot

Impulsane frå 70-talet er transformerte til universell musikalsk urkraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1714
20180202
1714
20180202

Jazz/rock

FIRE!:

The Hands

Mats Gustafsson, tenor-, baryton-
og bassaks og elektronikk; Johan Berthling, bass;
Andreas Werliin, trommer og perkusjon. RUNE GRAMMOFON RCD2197

Mats Gustafsson er overalt. (Berre vår eigen Paal Nilssen-Love kan vera i nærleiken i tal på konsertar og innspelingar.) Trass i det heseblesande tempoet og dei tallause ensemblekonstellasjonane Gustafsson tek del i, greier han å melda noko viktig kvar gong.

Fire! og storbandutgåva Fire! Orchestra synest å ha høg prioritet hjå Gustafsson, og båe banda turnerer flittig det komande halvåret. Trioen har eksistert i ni år med same besetning, men har ikkje ein spesielt rikhaldig diskografi å visa til. I 2016 kom She Sleeps, She Sleeps, også denne på Rune grammofon. Med god grunn var kritikarane overbegeistra. The Hands er ei vidareføring av uttrykket frå forgjengaren, men utviklinga er tydeleg nok. Uttrykket er meir rocka.

Det er lett å finna likskapspunkt til rockelegender som Cream, Jimi Hendrix Experience og, framfor alt, Black Sabbath og dei første platene deira. Dei konstante og fengande groovane og den manipulerte basslyden i tospann med eit enkelt, men effektfullt trommekomp dannar fundamentet som Gustafsson formar saksofonmeditasjonane sine på. Oftast er monotonien hypnotiserande. Berre unntaksvis blir han keisam. I «Washing Your Heart in Filth» er grooven meir kompleks, Berthling trakterer kontrabassen på utruleg svingande vis og Gustafssons spel gjer at «Afric Pepperbird» dukkar opp i tankane. Fire! anno 2018 er framleis «on fire».

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis