Musikk
Fiolinistanes Faust
Evgeny Sviridov meistrar Tartinis djevelsk vrine fiolinmusikk.

Han var ein brubyggjar mellom Italias barokke fiolintradisjon på 1700-talet og den store romantiske virtuostradisjonen på 1800-talet, fiolinesset Giuseppe Tartini (1692–1770), som ikkje berre var kjend som komponist og utøvar, men òg forfatta viktige pedagogiske verk om felespel. At romantikarane fann hugnad i personlegdomen hans, overraskar ikkje. Dei fromme foreldra hans ville ha han i kloster, men sjølv ville han studera, noko han gjorde ved universitetet i Padova. Men i staden for å konsentrera seg om jusstudiet, nytta han brorparten av tida på fekting og fiolinspel.
Fandens feleknep
Ein Faust-aktig myte som har halde seg til vår tid, er at Tartini i ein draum skulle ha slutta ein pakt med den vonde sjølv, som lærte han eit og anna feleknep han òg i vaken tilstand kom til å nyta godt av. Den aggressive unge mannen gjekk heller ikkje av vegen for ein god duell, enten det var med kården eller felebogen. At han på eit tidspunkt gjekk i kloster for ei stund, hadde ikkje med fromleik å gjera – etter å ha forført ein ung slektning av biskopen i universitetsbyen, laut han søkja tilflukt hjå munkane.
Kor mykje av mytane som har rot i røyndom, veit eg ikkje. Men det står fast at Tartini var ein djevelsk produktiv komponist: Kring 135 solokonsertar, 200 solosonatar og 35 triosonatar har me frå fjøra hans. På dette albumet har barokkfiolinisten Evgeny Sviridov frå St. Petersburg spelt inn eit knippe av solosonatane frå det fyrste opuset hans, som kom på prent i Amsterdam i 1734 under den enkle tittelen Sonate a violino e violoncello o cimbalo. Opera prima.
Programmatisk
Det fyrste ein legg merke til når ein lyttar til albumet og blar gjennom omslagsheftet, er at fleire av sonatane har eit eige motto. Til dømes har Sonate nr. 10 i g-moll tilnamnet «Didone abbandonata» («Den forlatne Dido»), noko som får oss til å skjøna musikken «programmatisk», altså på ein måte som impliserer ei dramatisk handling bak den reine instrumentalmusikken. Dette gjeld særleg fyrstesatsen «Affettuoso»: Dei sukkande motiva og kjenslesterke utbrota i fiolinstemma gjer at me ser føre oss desperasjonen til Dido, dronninga av Karthago, etter at den trojanske helten Aeneas har svike henne.
Tartini er på mange måtar fiolinistane sin komponist. Skal dei teknisk krevjande sonatane hans låta bra, lyt utøvaren ha ein grunnsolid fiolinteknikk tilpassa dette spesielle repertoaret. Det har Sviridov, som spelar dei innfløkte ornamenta og dei mange dobbeltgrepa (fiolinakkordane) klokkereint. Når det gjeld det programmatiske, set eg spesielt pris på at han ikkje overdriv dramatikken med effektmakeri, men overlét det meste til lyttaren sin fantasi.