Fellesskapsfunk
Halvvegs storslege soul- og funkalbum.
Funk/soul
The
Internet –
Hive Mind
Columbia Records
R&B
Det amerikanske bandet The Internet er del av kollektivet Odd Future Wolf Gang Kill Them All, som òg inkluderer artistar som Frank Ocean og Tyler the Creator, og Hive Mind er det fjerde albumet deira.
Både bandnamnet The Internet og platetittelen Hive mind er knytt til idear om fellesskap og samhandling, og på denne plata har dei fem medlemmene kome saman på nytt etter å ha gitt ut plater med sine respektive soloprosjekt. Det mellommenneskelege ser ut til å stå høgt på agendaen, og tematikken i tekstane spenner frå private – til dømes i kjærleiksballaden «Come Over» – til samfunnsmessige relasjonar, som i «Come Together», som truleg tek utgangspunkt i håpet om at dei ekstreme politiske tilstandane som verda for tida ser ut til å vere utsett for, skal føre til ein fellesskapsorientert motreaksjon.
Passande er det at musikken her er svært dansbar – særleg er nokre av basslinene noko for seg sjølv. Opningssporet, «Come Together», snirklar seg rundt labyrintisk rytmikk og tonalitet på svært fengjande vis, andresporet «Roll (Burbank Funk)» er ei medrivande sak som minnar om 90-tals-acid-jazz. Tredjesporet «Come Over» er den første av dei mange balladane på plata, før «La Di Da» tek tempoet opp att med latinamerikanske rytmar. Spor fem, «Stay The Night», er nok ein ballade, og deretter dukkar plata diverre ned i eit meir monotont og anonymt territorium. Hive Mind blir aldri direkte dårleg, men plata er alt i alt halvt om halvt medrivande og lite minneverdig.
Rasmus Hungnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Funk/soul
The
Internet –
Hive Mind
Columbia Records
R&B
Det amerikanske bandet The Internet er del av kollektivet Odd Future Wolf Gang Kill Them All, som òg inkluderer artistar som Frank Ocean og Tyler the Creator, og Hive Mind er det fjerde albumet deira.
Både bandnamnet The Internet og platetittelen Hive mind er knytt til idear om fellesskap og samhandling, og på denne plata har dei fem medlemmene kome saman på nytt etter å ha gitt ut plater med sine respektive soloprosjekt. Det mellommenneskelege ser ut til å stå høgt på agendaen, og tematikken i tekstane spenner frå private – til dømes i kjærleiksballaden «Come Over» – til samfunnsmessige relasjonar, som i «Come Together», som truleg tek utgangspunkt i håpet om at dei ekstreme politiske tilstandane som verda for tida ser ut til å vere utsett for, skal føre til ein fellesskapsorientert motreaksjon.
Passande er det at musikken her er svært dansbar – særleg er nokre av basslinene noko for seg sjølv. Opningssporet, «Come Together», snirklar seg rundt labyrintisk rytmikk og tonalitet på svært fengjande vis, andresporet «Roll (Burbank Funk)» er ei medrivande sak som minnar om 90-tals-acid-jazz. Tredjesporet «Come Over» er den første av dei mange balladane på plata, før «La Di Da» tek tempoet opp att med latinamerikanske rytmar. Spor fem, «Stay The Night», er nok ein ballade, og deretter dukkar plata diverre ned i eit meir monotont og anonymt territorium. Hive Mind blir aldri direkte dårleg, men plata er alt i alt halvt om halvt medrivande og lite minneverdig.
Rasmus Hungnes
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.