Musikk

Elina Duni solo

Plata er eit døme på at sjølvgjort ikkje alltid er velgjort.

Publisert

Nokre av favorittane mine på ECM dei seinaste åra har vore Dunis to utgjevingar med Colin Vallon på piano, Patrice Moret på bass og Norbert Pfammatter på trommer: Matanë Malit (2012) og Dallëndyshe (2015). Her talar vi ikkje om ein trio som akkompagnerer ein vokalist. Røysta til Duni er ein integrert del av uttrykket til kvartetten. Spaninga som ei slik tilnærming skapar, blir ein aldri lei av å lytta til.

Med soloplata vidarefører Duni profilen på låtmaterialet frå Dallëndyshe. Ho byr også på seg sjølv som komponist i «Let us dive in». Låtane har ei melankolsk slagside, og balladetempoet dominerer sterkt. Som vanleg syng Duni med sterk innleving og ein utruleg kontroll. Det siste får ein demonstrert til overmål i folkemelodien «Kanga e kurbeit» frå Kosovo. Dynamikken i tolkinga av Brels «Je ne sais pas» er også verd eit ropeteikn i margen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement