Eld og ånd
Den svikne Dido drep seg. Seinantikk miniatyr frå kring 400.
CD
Ignaz
Holzbauer:
Tod der Dido
Sandrine Piau og Carmen Fuggis sopran; m.fl.; Barockorchester Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Carus 2018
Ho har ofte blitt gjenstand for musikkdramatikk, den tragiske soga frå Vergils (70–19 f.Kr.) romerske nasjonalepos Aeneiden om Karthagos dronning Dido, som tek livet av seg etter å ha blitt sviken av den trojanske helten Aeneas. På dette liveopptaket lyfter det dyktige Barockorchester Stuttgart fram det tyskspråklege syngespelet Tod der Dido av den lite kjende austerrikaren Ignaz Holzbauer (1711–1783), som jamvel den erkekritiske Mozart vedgjekk hadde «eld» og «ånd». Etter å ha høyrt verket kan eg seia meg samd med Mozart, og leggja til at Holzbauer òg syner dramatisk teft. Orkesteret spelar flott, og den franske sopranen Sandrine Piau er god som Dido. Det einaste svake ved innspelinga er den tyske sopranen Carmen Fuggis i rolla som Selene, Didos syster, som i ariane «svelgjer» så mykje av konsonantane at det somme stader er vanskeleg å oppfatta teksten.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
CD
Ignaz
Holzbauer:
Tod der Dido
Sandrine Piau og Carmen Fuggis sopran; m.fl.; Barockorchester Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Carus 2018
Ho har ofte blitt gjenstand for musikkdramatikk, den tragiske soga frå Vergils (70–19 f.Kr.) romerske nasjonalepos Aeneiden om Karthagos dronning Dido, som tek livet av seg etter å ha blitt sviken av den trojanske helten Aeneas. På dette liveopptaket lyfter det dyktige Barockorchester Stuttgart fram det tyskspråklege syngespelet Tod der Dido av den lite kjende austerrikaren Ignaz Holzbauer (1711–1783), som jamvel den erkekritiske Mozart vedgjekk hadde «eld» og «ånd». Etter å ha høyrt verket kan eg seia meg samd med Mozart, og leggja til at Holzbauer òg syner dramatisk teft. Orkesteret spelar flott, og den franske sopranen Sandrine Piau er god som Dido. Det einaste svake ved innspelinga er den tyske sopranen Carmen Fuggis i rolla som Selene, Didos syster, som i ariane «svelgjer» så mykje av konsonantane at det somme stader er vanskeleg å oppfatta teksten.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.