Musikk
Dobbel storleik
I Concerti a due cori gjev Händel oss eigne arrangement av populære korsatsar frå oratoria sine.

CD
Georg Friedrich Händels tre Concerti a due cori, som blei til i London i slutten av 1740-åra, er musikk som berre openberrar det fulle potensialet sitt når ein høyrer dei live på konsert. Eller nest best: på eit godt stereoanlegg. For som dei italienske titlane tilseier, er dei komponerte for due cori, «to kor», som i denne samanhengen tyder «to orkestergrupper». Desse to spelar vekselvis mot og med kvarandre, ein dialogeffekt som kjem godt fram på Freiburger Barockorchesters nye plate. Det samla talet på musikarar er 44, noko som er abnormt i barokksamanheng.
Billeg blåsarkraft
Karakteristisk ved verka er den rike treblåsarbesetninga, med fire oboar, to fagottar og heile åtte horn. Dette er instrument som var typiske for militærkapell i barokken. Men korleis fekk Händel tilgang på så mange treblåsarar? Instrumenteringa har ein konkret historisk grunn, nemleg den jakobittiske oppstanden i 1745. Då gjekk den katolske tronpretendenten Karl Edvard Stuart i land i Skottland for å røva til seg Englands trone, men leid året etter knusande nederlag mot hæren av engelske protestantar. Som fylgje av oppstanden blei mange militærkapell oppløyste, og det vrimla difor av arbeidslause treblåsarar i London. Tilgangen på billeg arbeidskraft – eller i dette tilfellet «blåsarkraft» – gjorde det mogleg for Händel å skriva og framføra Concerti a due cori, som høyrer til dei rikast besette verka me kjenner i barokkmusikken.
Kor frå Messias
Men sjølv om den store besetninga var ny, var ikkje all musikken det. Händel var ein pragmatisk komponist som gjerne henta fram enkeltsatsar frå gamle komposisjonar for å integrera dei i nye verk. I høve Concerti a due cori var det populære korsatsar frå oratoria han tok føre seg. Desse korsatsane skreiv han på fylgjande måte: Strykarane heldt fast på den opphavlege orkesterparten i partituret, medan treblåsarane overtok rolla som kor.
Eit døme på ein slik omarrangert korsats er andresatsen «allegro ma non troppo» i Concerto a due cori nr. 1 i B-dur, HWV 332, som byggjer på den staselege korsatsen «An the glory of the Lord» i Händels mest kjende verk, oratoriet Messias, HWV 56. Freiburger Barockorchester spelar her på sitt beste, med stor elan og ein artikulasjon i oboane som tydeleg orienterer seg etter teksten i den vokale originalkomposisjonen som ligg til grunn. Ikkje berre fungerer dei nye instrumentalversjonane framifrå reint musikalsk – for Händels publikum, den gong som i dag, var og er dei eit hugnadleg gjenhøyr med gamle Händel-klassikarar i ny tonebunad.