Musikk

Den nakne mannen og fela

Jo Einar Jansen vekslar mellom tradisjon og nyskaping.

Publisert

Dette er platedebuten til den unge felespelaren Jo Einar Jansen frå Frosta i Trøndelag. Og tittelen og omslagsfotoet er ikkje berre gimmick, for her er det berre den unge mannen med fela, som på einskilde spor blir bytt ut med hardingfele, oktavfele eller song, som kling.

Musikken er naken i den tydinga at slåttane er solistisk framførte, anten dei er tradisjonelle eller meir improvisatoriske i karakteren.

Og det er nettopp denne vekslinga mellom solid tradisjonsforvalting og nyskaping som er så typisk for mange av dei yngre folkemusikkutøvarane – også Jansen.

Noko er av ukjent opphav, det ein ofte kallar tradisjonelt, medan noko er sjølvlaga. Her vekslar temmeleg stramt framførte danseslåttar med lyriske og deklamatoriske melodiar, og av og til er uttrykket rocka og rufsete. Han overraskar oss dessutan med å stryka over to strenger samstundes medan han langsamt stemmer den djupaste langt ned – gradvis og langsamt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement