Musikk
Dansande
Det svingar når Concerto Copenhagen spelar «Brandenburgkonsertane».

Six concerts avec plusieurs instruments kalla Bach komposisjonane han i eit sirleg skrive partitur dediserte til markgreven Christian Ludwig von Brandenburg-Schwedt i 1721. Om desse «seks konsertane med fleire instrument», som Bach-biografen Philipp Spitta i 1873 gav namnet «Brandenburgkonsertane», i det heile blei framførte den gongen, veit me ikkje. Dei er nemleg svært krevjande teknisk. Men i vår tid høyrer dei til Bachs oftast framførte og innspelte verk – det finst til dags dato sikkert over hundre plateinnspelingar. Når det no kjem nok ei innspeling, denne gongen med Concerto Copenhagen, er det difor legitimt å spørja: Kva er vitsen?
Dei fleste nyare innspelingane har vore så uinteressante at eg ikkje har funne grunn til å melda dei, ikkje nødvendigvis av di dei i seg sjølv er dårlege; problemet er at dei mest alltid kling til forveksling likt alt eksisterande tolkingar. Men plata til Concerto Copenhagen, tidlegmusikkensemblet som blir leia av cembalisten Lars Ulrik Mortensen, skil seg positivt ut: Det er lenge sidan eg har høyrt Brandenburgkonsertane bli spelte med så velvalde tempi.
Trenden har lenge vore å spela desse verka altfor snøgt og oppjaga, noko som øydelegg den dansane svingen som ofte ligg til grunn i Bachs barokke musikk. Men hjå københavnarane svingar det skikkeleg, både i dei satsane som faktisk er dansar, og i dei av den meir abstrakte typen. I tillegg spelar musikarane smakfulle ornament i repetisjonane – til dømes i «Menuetto»-satsen i Konsert nr. 1 i F-dur, BWV 1046, der timinga i overgangane mellom dei ulike danseavsnitta sit imponerande godt.