Musikk

Coltrane-skatt funnen

Ein 55 år gamal missing link i Coltrane-diskografien er berga.

Publisert

Den 7. mars 1963 spelte John Coltrane inn den legendariske plata John Coltrane and Johnny Hartman. Det har gått i gløymeboka at han dagen før gjorde ei innspeling med kvartetten med stort sett nytt materiale. Originaltapen frå Van Gelder-studioet gjekk tapt, men Coltrane fekk med seg ein kopi som heldigvis har kome til rette og som viser seg å vera av glimrande kvalitet.

Musikkhistorie

Plata Both Directions at Once: The Lost Album er rett og slett musikkhistorie. Ho er lekken som manglar mellom Coltrane (1962) og Cresent (1964). Grunnen til at plata ikkje blei utgjeven i innspelingsåret, kan vera at ho ville ha «kome i vegen for» platene med større kommersielt potensial, Ballads, Duke Ellington & John Coltrane og nemnde John Coltrane and Johnny Hartman.

Den internasjonale utgjevingsdagen er i dag, og no kan ein gleda seg over å høyra «Nature Boy» og «One Up, One Down» innspelte av Coltrane for første gong. Særleg sistnemnde er ei lita openberring, der aksen Coltrane/Jones påkallar særleg interesse. Dei to namnlause originalane med arkivnummera 11383 og 11386 er også spanande nytt, men veldig typisk Coltrane. Det største kicket fekk eg av ein frisk og fyrig versjon av «Impression» i trioformat. Coltrane og Ornette Coleman har hatt meir enn ein prat på bakrommet.

To versjonar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement