Musikk

Chrome Hill rir igjen

Kvartetten kombinerer mørk melodiøs melankoli med rastlaus støy.

Publisert

Jazz / Rock

Asbjørn Lerheim har (med god hjelp av Roger Arntzen og Torstein Lofthus) halde liv i dette musikalske prosjektet i 18 år. Fram til 2008-utgjevinga Earthlings heitte dei Damp, og etter førre utgjeving, Country of Lost Borders (2013), overlét Jørgen Munkeby saksplassen til Atle Nymo.

Lerheim har komponert alle sju låtane, og bandet har saman arrangert musikken og gjeve det eit lett attkjennande Chrome Hill-preg der barytongitaren er ein vesentleg del av signaturen. Stemninga skiftar frå det dystre frisellske til det støyrockinspirerte. I det sistnemnde legg tandemet Lofthus og Arntzen eit pulserande fundament. Låten «Drunken Sailor» og finalen på «Of Things That Float» er glitrande døme på kva desse to har utvikla av samspelskvalitetar opp gjennom åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement