JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Bulgarsk vestkystjazz

Hristo Vitchev Quartet bør ein absolutt sjekka ut, og dette er plata å byrja med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1786
20171222
1786
20171222

Jazz

Hristo Vitchev Quartet:

Of Light And Shadows

Hristo Vitchev, gitar; Jasnam Daya Singh, piano; Dan Robbins, bass; Mike Shannon, trommer. FIRST ORBIT SOUNDS MUSIC FOSM323

Hristo Vitchev kjem frå Sofia i Bulgaria. I dag er han busett og har sitt musikalske virke i San Francisco-området. Verksam er han i aller høgste grad med ni CD-ar i eige namn sidan han etablerte kvartetten i 2009. I tillegg til å vera travel gjest i ymse studio har han bak seg eit hektisk turnéliv som har ført han til mange leiande jazzfestivalar verda rundt. Samstundes får han tid til undervising og lærebokskriving. Ein mann utan fritidsproblem, med andre ord.

Telepati

Samspelet har det telepatiske over seg som berre ti års samspel kan framkalla. Spesielt gitar og piano har ein kommunikasjon som gjer at dei på intrikat, men fritt vis kan veksla mellom å kompa og spela melodilinja. Singh har vore aktiv pianist og komponist i Monterey-område heilt frå 1990 fram til 2008, då han flytta til Vancouver. Han kjem eigentleg frå Rio de Janeiro og heitte opphavleg Weber Ribeiro Drummond.

Metheny-inspirert

Vitchev har komponert alle ni låtane på plata. At Pat Metheny er ei sterk inspirasjonskjelde, etterlèt verken gitarspelet eller komposisjonane tvil om. Han gjev generøst spelerom for alle fire til å koma med sine respektive solistiske bidrag, men det er sjølvsagt Singh og Vitchev sjølv som breier seg mest. Over 70 minuttar speletid er sjeldan kost, men det blir aldri keisamt. Både Vitchev og Singh er ei oppkome av idear, og dei evnar å forma kora heilskapleg med delikat harmonisk og klangleg innpakking.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis