Musikk

Building Instruments beste

Trioen spelar på fleire strenger på den tredje utgjevinga si.

Publisert

Det er vel berre Building Instrument som kan kalla plata si Mangelen min og ikkje bli skulda for å vera djupt nede i skyttargrava sjølvironisk.

Trioen er ute med den tredje plata si, og resultatet er både meir variert og meir heilstøypt enn før. Det har blitt lagt ned mykje arbeid i studio både med innspelinga og med miksinga. Resultatet er utsøkt.

Mari Kvien Brunvoll

Framleis set Mari Kvien Brunvoll sitt klare preg på uttrykket til trioen. Ho har skrive det meste av tekstane og i tillegg omsett Maria Kjærgaard-Sunesen «Alt forsvinn». Både den karakteristiske røysta hennar og dei naivistiske fabuleringane er ein heilt sentral del av Building Instrument-sounden, men spanande minimalistiske klangflater og subtile groovar har blanda seg og gjer Mangelen min meir mangfaldig.

I mange tilfelle er låtane skisseprega med nokre få berande element, som «Blokk Omni», «Lette» og «Grønnere under», men ein får også servert lengre, komplekse stykke som er interessant orkestrerte.

Scwitters-hylling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement