Musikk

Brandenburgkonsertar på klaver

CD

Johann Sebastian Bach:

The Brandenburg Duets

Eleonor Bindman og Jenny Lin, klaver. Grand Piano 2018

Noko av det mest fascinerande ved Johann Sebastian Bachs (1685–1750) «Brandenburgkonsertar» – seks konsertar for soloinstrument og orkester frå kring 1720 – er den rike og ukonvensjonelle instrumenteringa. Å omarbeida dei for to klaver, slik den New-York-baserte pianisten Eleonor Bindman her har gjort, inneber sjølvsagt å redusera dei klangleg. Men sidan Bachs musikk er så komposisjonsteknisk solid, blir resultatet slett ikkje dårleg. Særleg godt fungerer dei snøgge orkesterfugane på klaver.

Men så til sjølve framføringa: Når dei to pianistane fyrst har kvart sitt moderne konsertflygel til rådvelde, kvifor nyttar dei ikkje då dynamikk og artikulasjon meir for å framheva dei kompliserte stemmeføringane? Eg saknar medviten fraseforming; spelet er jamt over for stabbande og monotont.