Botnsolide Team Hegdal
Det osar speleglede frå første tone.
Jazz
Team Hegdal:
Vol 4
Eirik Hegdal, alt-, barytonsaks og klarinett; André Roligheten, tenorsaks og bassklarinett; Oscar Grönberg, piano; Ole Morten Vågan, bass; Gard Nilssen, trommer.
Particular Recordings Collective p!10cd
Med den fjerde plata på åtte år er Team Hegdal i rute. Vol 3 kom i 2015 og introduserte pianisten Oscar Grönberg som spesiell gjest. Det er han på denne plata også, og godt er det. Hegdal brukar pianoet som ein integrert del av lydbilete eller som ein effektfull kontrast til treblåsarsamklangen.
Som komponist spenner Hegdal eit vidt lerret. Dei 13 komposisjonane strekkjer seg frå 16 sekund til over åtte minutt, og dei varierer ikkje berre i lengd, men også i tempo, temperament, kompleksitet og stilistisk påverknad. Komponisten Hegdal imponerer og skapar samstundes forventningar til det tilstundande tingingsverket på Vossa Jazz.
Med ein besetning som denne blir det automatisk høge forventningar. Vågan og Nilssen er ein attraksjon i alle konstellasjonar dei dukkar opp i, men evna til å kombinera dei komplekse arrangementa med ei mest uforskamma evne til skifta frå det framoverlente til det tilbakelente, er smått ubegripeleg. Spelet deira på «78 Reggae» og «Walking of Fury» er gode illustrasjonar.
Elles er dei tre hovudsolistane, Hegdal, Roligheten og Grönberg, heile tida på hogget. Det er ein sann svir å høyra to treblåsarar som brukar klarinett og bassklarinett solistisk på ein så interessant måte som Hegdal og Roligheten gjer på denne plata. Team Hegdal leverer som forventa og vel så det.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Team Hegdal:
Vol 4
Eirik Hegdal, alt-, barytonsaks og klarinett; André Roligheten, tenorsaks og bassklarinett; Oscar Grönberg, piano; Ole Morten Vågan, bass; Gard Nilssen, trommer.
Particular Recordings Collective p!10cd
Med den fjerde plata på åtte år er Team Hegdal i rute. Vol 3 kom i 2015 og introduserte pianisten Oscar Grönberg som spesiell gjest. Det er han på denne plata også, og godt er det. Hegdal brukar pianoet som ein integrert del av lydbilete eller som ein effektfull kontrast til treblåsarsamklangen.
Som komponist spenner Hegdal eit vidt lerret. Dei 13 komposisjonane strekkjer seg frå 16 sekund til over åtte minutt, og dei varierer ikkje berre i lengd, men også i tempo, temperament, kompleksitet og stilistisk påverknad. Komponisten Hegdal imponerer og skapar samstundes forventningar til det tilstundande tingingsverket på Vossa Jazz.
Med ein besetning som denne blir det automatisk høge forventningar. Vågan og Nilssen er ein attraksjon i alle konstellasjonar dei dukkar opp i, men evna til å kombinera dei komplekse arrangementa med ei mest uforskamma evne til skifta frå det framoverlente til det tilbakelente, er smått ubegripeleg. Spelet deira på «78 Reggae» og «Walking of Fury» er gode illustrasjonar.
Elles er dei tre hovudsolistane, Hegdal, Roligheten og Grönberg, heile tida på hogget. Det er ein sann svir å høyra to treblåsarar som brukar klarinett og bassklarinett solistisk på ein så interessant måte som Hegdal og Roligheten gjer på denne plata. Team Hegdal leverer som forventa og vel så det.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.