Blygrått og vakkert
Samspelet løfter Lysning til eit internasjonalt toppnivå.
Jazz / folke-
musikk / samtidsmusikk
Nils Økland Band:
Lysning
Nils Økland, fiolin, hardingfele og viola d’amore; Rolf-Erik Nystrøm, alt- og barytonsaksofon; Sigbjørn Apeland, trøorgel; Håkon Mørch Stene, perkusjon, vibrafon og gitar; Mats Eilertsen, bass.
hubro
Nils Økland er attende i Hof kyrkje i Østre Toten der han tre år tidlegare spelte inn musikken til den eineståande plata Kjølvatn. Musikken på denne utgjevinga er spelt inn i 2015 og supplert med to spor spelte inn på Musikkhøgskulen i Oslo året etter. Innspelinga er på lytefritt vis produsert, miksa og mastra av Audun Strype. Han har eit kong Midas-grep om spakane.
Mørkt og dystert
Tittelen Lysning må vera ironisk. Her er ikkje mykje lysning å spora. Tvert om er det noko mørkt og dystert over det meste av musikken. Det vakre salmeliknande temaet i «Blåmyr» får eit drag mot inferno og undergang med ei melodistemme innleiingsvis framført av viola d’amore med følgje av strykebass og barytonsaks mot slutten og med eit dramatisk konsertstortrommekomp av Mørch Stene. Det ljosaste på plata må vera spora «Speiling» og, ikkje overraskande, «Lysning». På båe spora rår Økland innleiingsvis grunnen aleine i selskap med ei hardingfele laga av Sigvald Rørlien. Det læt mektig, vemodig og innsmigrande på same tid.
finkalibrert
Økland har levert ni komposisjonar som han og bandet på demokratisk vis har utvikla arrangementa til. Her er ein ved kjernen i uttrykket til Nils Økland Band: Alle trur på og har 110 prosent lojalitet til det ein har blitt samd om. Ikkje berre er timinga slik til dei grader på plass, men også den finkalibrerte dynamikken gjer at det til tider læt heilt magisk. Plata er ikkje ein musikalsk lykkepille, men ufyseleg vakker.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast plate-meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.