Musikk

Atomic gjer det igjen

Atomic har med åra tilført uttrykket sitt eit sjeldsynt raffinement.

Publisert

Med den 16. plata si er Atomic i det gåvmilde hjørnet. Ikkje berre serverer dei seks nye komposisjonar innspelt i Wien for knappe elleve månader sidan, men dei legg også ved ein dobbel-CD med eit to månader eldre liveopptak frå Pit-Inn i Tokyo. Konsertopptaket inneheld låtar frå Lucidity (2015) og Six Easy Pieces.

Intenst fokus

Atomic, som i byrjinga var ein alt anna enn stille protest mot ECM-estetikken som dominerte norsk jazz ved millenniumskiftet, har etter kvart blitt ein institusjon med ein svært tydeleg musikalsk profil. Besetninga har vore stabil. Berre Paal Nilssen-Love har gått ut av bandet, men Hans Hulbækmo har på rekordtid definert rolla si i bandet som om det å hoppa etter Wirkola var det naturlegaste i verda.

Wiik og Ljungkvist leverer låtmaterialet til bandet. Dei har kvar sitt særmerke temperament, noko som gjer repertoaret mangfaldig og spanande. Dette blir særleg tydeleg på studiodelen av Six Easy Pieces. Utan at energien og den laussleppte humoren manglar, er det eit intenst fokus på komposisjonane med all sin dynamikk og detaljrikdom.

Lett å lika

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement