Musikk

Arkivet: The White Album og «Julia»

The Beatles for 50 år sidan.
The Beatles for 50 år sidan.
Publisert

Som nokre vil ha fått med seg, har det gått eit halvt hundreår sidan The Beatles slapp studioalbumet The Beatles, plata som i alle år berre har vorte referert til som The White Album, sidan omslaget var utstyrt med verken bilete eller tekst, men snarare var heilkvitt, med bandnamnet utheva i trykket.

Dobbelplata romma heile 30 songar, og samansetjinga har vore diskutert nokre gonger opp gjennom åra. Eg minnest eit intervju der Sir Paul McCartney vart spurd om dei hadde teke med for mykje. «Kom igjen, vi snakkar om The White Album av The Beatles», svara han muntert til det.

Ikkje overraskande rommar arkivet meir, og for å jubilere på skikkeleg vis har dei ikkje berre remiksa gammalt materiale, men også grave fram ein haug med akustiske demoar – 27, for å vere presis, spelte inn i huset til George Harrison i Surrey – og 50 alternative versjonar.

I dette tilfellet er fleire av demoane ei openberring. Men lat oss likevel nytte høvet og løfte fram ein coverversjon som såg dagens lys for nokre veker sidan: Tolkinga Moonpedro and the Goldfish har gjort av songen John Lennon skreiv til mor si som han miste i ung alder, «Julia». Gamle Beatles-skalle, gi versjonen ein sjanse. Det fortener han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement